Hardanger og Bergen mikroflyklubb haldt årsmøte på Bømoen 10.02. 2007
Frammøtte: Frode Leikvoll, Jan Ture Kvinge, Terje Sandvik, Agnar Steinsland, Geir Olav Lutro, Asgeir Steinsland, Frode Rønhovde, Manjit Srow, Leif Sollie, Atle Kleiven, Brigt Nerdal, Helleik Rabbe, Bjarte Westervik, Olav Lauvrak, Gunnar Andvik, Roy Nerdal
I tillegg hadde vi besøk av Jarle og Øystein Ådland frå Os.
Saksliste:
· Flytelefoniserfikat
· Formellt samarbeid, evt. samanslåing med Voss flyklubb
· Oppretting av andelslag for å utvide flyparken
1.
Innkalling til årsmøte blei foreslått underkjent med bakgrunn i at referat fra forrige årsmøte ikkje var sendt ut etter møtet og at rekneskap for gjennomløpt år ikkje var sendt ut sammen med innkalling. Forslaget blei nedstemt. I fylgje Norges Idrettsforbund sine lover skal fullstendig sakliste og andre nødvendige saksdokument vera tilgjengeleg seinast ei veke før årsmøtet. Det er ikkje krav om at rekneskap skal sendast ut saman med innkalling.
2.
Protokoll fra årsmøte 2006 blei gjennomgått av formann.
3.
Formann gjekk gjennom dei viktigaste sakene i året som har gått.
4.
Rekneskap blei gjennomgått av kasserar uten kommentarer.
5.
Valg av styremedlemmer
Styret for 2006 har vore satt sammen av følgjande personar:
Inntil 3 styremedlemmer er på val. Agnar går etter eige ynskje ut av styret. Esben trer av som varamedlem. Brigt rykkjer opp frå varamedlemm til styremedlem. Olav Lauvrak og Manjit Srow blei valgt som nye varamedlemmer ved akklamasjon.
Nytt styre konstituerer seg sjølv til følgjande sammensetning:
6.
Fylgjande forslag er innkomne i forkant av årsmøtet:
· Det finst fleire moglegheiter for den teoretiske delen, mellom anna brevkurs og internettkurs. Det må avleggjast praktisk prøve for eksaminatør.
· Frode Leikvoll skal undersøke kva alternativ som finst for teoretisk og praktisk undervisning og avleggjing av prøve.
· Det er ved fleire høve gitt uttrykk for at Voss flyklubb byrjar å interessera seg for mikrofly. Vi har felles interesser og lidenskap for luftaktivitet og det vil vera til felles interesse for den samla medlemsmassen om vi kan ha eit sterkare samarbeid. I ytterste konsekvens kan dette samarbeidet ta form av samanslåing av klubbane. Felles organisasjon vil på mange sett vera ein fordel, både med tanke på økonomi og styrke mot eksterne krefter. Dette vil også bety ein sikker tilgang til Bømoen og dei fasilitetar som finst der, både for drift av klubb og utskuling av nye pilotar. Men det er også viktig å vera merksam på at det kan vera enkelte ulemper ved ei eventuell samanslåing. Ein ser at det kan vera gunstig å ha eit tettare samarbeid med Voss flyklubb.
· Det blei vedtatt at styret får godkjenning frå årsmøtet til å gå vidare med samtaler med Voss flyklubb for å finna ut om dette er av interesse for begge partar og eventuellt finne ut kva form av samarbeid som er det beste alternativet.
· Det er ingen fare for at klubbstrukturen blir forandra mot medlemmene sin vilje. Ei eventuell organisasjonsendring må avgjerast av ordinært eller ekstraordinært årsmøte.
· Sjølv om dette ikkje er ei sak som årsmøte skal ta stilling til er det naturleg å ta opp ting som rører seg i klubben på årsmøte. Ein bør også sjå innkjøp på eventuellt nytt fly i samanheng med forrige punkt då det også i Voss flyklubb har vore snakk om å gå til innkjøp av eit nytt eller nesten nytt mikrofly.
· Det er ikkje tatt nokon avgjerdsler rundt andelslaget, men ein kan tenkje seg andeler i størrelsesorden NOK 50.000,- med høve til å kjøpa ein andel kvar. Styret vil nytta dette høvet til å be den enkelte tenka gjennom om dette er interessant.
7.
Det blei bestemt at Terje Sandvik er klubbens delegat på seksjonsmøte for mikroflyseksjonen 17. og 18. mars 2007
8.
Det vart ikkje tatt opp noko under eventuellt.
For styret
Frode Rønhovde